Kari og Knut

Sæle er dei som høyrer Herrens ord, og tek vare på det…

I fred

Filed under: Uncategorized — karianndortheaangelskaar at 10:36 pm on mandag, desember 8, 2008

I fred skal eg sova

I fred kan eg sova, trass tårer som væter mitt kinn.
I fred kan eg sova, trass alt det som tyngjer mitt sinn.
Eg set mi lit til Herren, han er mi faste borg.
Han fyller meg med freden sin i glede som i sorg.

                                           Guds fred den skal vara frå no og til æveleg tid.
Guds fred er min styrke i livet sin hardaste strid.
I stormen som i stilla vil Jesus vera med.
Kor godt det er frå dag til dag å kvila i hans fred.

I fred skal eg sovna når døden ein dag bankar på.
I fred skal eg vakna og himmelens herlegdom sjå.
I livet som i døden, skal sjela finna ro.
Og grunnen til at eg er trygg, er Jesu dyre blod.

Andre bolla?

Filed under: Uncategorized — karianndortheaangelskaar at 10:04 pm on søndag, desember 7, 2008

Eg kom til å tenka her i stad på Vinskvetten sin sang, “da skal bli andre bolla når pappen kjem heim, pappen kjem heim til juuuul” hehe! Ikkje da at eg har bolle i ovnen, eller noke i den dur! men pappen i huset kjem heim til jul! Å da glede eg meg stort til! Pappen i denne samenhengen, elle husfar, er då Knut! Og han kjem heim på onsdag! :)

Knut

Knut

 Min kjære ektemann! For ikkje sålenge sia hadde me 1års bryllupsdag! Syns tida flyge avstad… føles nesten som i går at me gifta oss.. det var ein kjekke dag, sammen med familie og venna! ^
   Denne henga har eg vært på julekonsert i Åsane gamle Kyrkje,sammen med Inger Beate.. Eller det var der vi havna tilslutt…heheh… Eg trudde at gospel companiet hadde konsert i foldne kyrkje, sotra. Men den var flytta til Åsane nye kirke…så Etter mykje om og men, havna vi på Breistein Mannskor og Gospel Bergen! Vart jo litt gospel på oss…men kanskje ikkje akkurat da me hadde sett foross! hahah! 

 2.søndag i advent, fri helg! Har sunge julekonsert med Te Deum på Ostereidet, lørdag og søndag.. Kjekt, mykje folk! Lang arbeidsveka som ligg framfor…så no skal batteriet ladast opp på sofaen! Me snakkast, i fred-amen

Hald blikket festa på Jesus

Filed under: Uncategorized — karianndortheaangelskaar at 6:51 pm on mandag, desember 1, 2008

Hald blikket festa på Jesus
når du med Peter er langt ifra land.
Når alt ikring deg er stormvér,
og du går under, lyft blikket mot han!

Hald blikket festa på Jesus
når alt ikring deg vil vende det bort.
Hald blikket festa på krossen,
lat auga fyllast med det han har gjort.

Hald blikket festa på Jesus,
så vender Frelsaren blikket ditt ut
mot folkemengda som ventar,
som stundar etter den levande Gud.

Hald blikket festa på Jesus,
for Jesu auge er festa på deg!
Han ser di fortid og framtid,
han kjenner vegen du går steg for steg.
Hans hjarte bankar i kjærleik til deg,
han gjer deg sterk, og han stør din steg.
Han gjev deg kall til å vandre din veg
med blikket festa på Jesus.

 

AMEN!

 
Vil du blogge? Klikk her. ©2005 - 2010 Dittnettsted - Nettkatalog, Spillguide.com - Spill, Nettspill og moro. Forspørmål ang annonsering eller tjenesten vennligst kontakt post@bloggnorge.com - Betingelser - Billig webhotell og domene er levert av PRO ISP